Vonar du la merke til det elegante bokstavrimet i overskrifta – eg brukte nemleg verdfull tid på å tenkje det ut. Tida som gjekk med skulle i staden vore nytta til å skrive emneoppgåve her oppe på Blindern, i eit politisk korrekt fag kalla ulikhet i arbeidsliv og utdanning. Grunnen til at denne teksten høyrer heime på LNU-bloggen er at eg krangla meg til å få skrive oppgåve om likestilling i barne- og ungdomsorganisasjonane. Og det er imponerande kor lite som er forska på slike tema – det ser ut til at det er reine arbeidsuhell om vi er med i empirien. (Her må eg leggje til at det sjølvsagt kan finnast meir enn det eg veit om. Det både trur og vonar eg. Kanskje finst det eit løynd forskingsinstitutt som berre arbeider med slike spørsmål?) Meir forsking trengst – vi er superviktige!
PS: Konklusjonen på oppgåva er klar (og det var han sjølvsagt lenge før eg byrja skrive): Hadde resten av verda vore som barne- og ungdomsorganisasjonane, hadde alt vore mykje, mykje betre.
