LNUs uformelle informasjonskanal

-Engasjert ungdom kan endre verda!

Tale på BUT 09

Tale Hungnes, nytilsett generalsekretær, heldt hilsningstale til barne- og ungdomstinget.

– Me har sett kva engasjement kan gjere, sa ho.

Hungnes, som har brei organisasjonsbakgrunn frå mellom anna kirke, kulturliv og politikk, er LNU sin nye generalsekretær.

- Eg har sett korleis ungdom frå Ecuador gjennom teater og sirkus har fått sjølvtillit til å kome seg ut or fattigdom. Eg har sett eit tverrpolitisk samarbeid i bystyret i Bergen føre til eit ungdomshus, sa ho.

Ho trekte fram retten til deltaking og demokrati som noko fundamentalt for å påverke sitt eige liv og sin eigen kvardag, og gleda seg til å møte organisasjonane.

- Eg står her med sommarfuglar i magen og sommarfuglspenne i håret og gler meg til å bli betre kjent med dykk. Eg vil gjerne på vitjing, så det er berre å invitere meg, sa ho.

  • Tale Hungnes byrjar som generalsekretær hausten 2009.
  • PS! E-postadressa til Tale er tale@lnu.no – ta kontakt for å avtale eit møte!