Barne- og ungdomtinget vedtok i dag eit nytt internasjonalt barne- og ungdomspolitisk program. Mellom hovudsakene er jamstelling, barn og unge i krig og konflikt og retten til informasjon og privatliv.
Det internasjonale barne- og ungdomspolitiske programmet (IBUP) dannar grunnlaget for det internasjonale arbeidet til LNU, og vert vedteke for tre år om gongen. Programmet som vart vedteke, gjeld difor fram til 2012.
Mellom sakene LNU har forplikta seg til å jobbe for, er oppmoding til samarbeid mellom religiøse organisasjonar og trussamfunn i utviklingsland, arbeidet mot klasevåpen og alkoholreklame retta mot barn.
Eit gjennomgåande tema var jamstelling uavhengig av kjøn, etnisitet, tru og livssy, funksjonsevne, seksuell orientering og økonomisk og sosial bakgrunn. I tillegg vart eit nytt tema, retten til informasjon, teke inn.
