LNUs uformelle informasjonskanal

Litt meir om Vest-Sahara

Det er vel berre å innsjå at det ikkje akkurat fløymer inn med spørsmål på bloggen vår, og dermed er det ekstra pinleg at vi ikkje har greidd å svare på det eine vi har fått. Før no. Eg klarer ikkje å laste heimesidene til Støttekomiteen for Vest-Sahara, men der finn du nesten alltid veldig god og oppdatert informasjon om utviklinga i Vest-Sahara-spørsmålet.


Fråsegna i fjerde komité i SN blir framforhandla av Marokko og Algerie. Når desse statane, som har dei mest direkte interessene i saka, er samde, er det vanleg at resten av statane sluttar seg til utkastet. Dette er i alle fall slik vi har blitt fortald at det heile føregår. Fjerde komité tek for seg ein rad avkolonialiseringsspørsmål, der Vest-Sahara er både det mest politiserte og det Noreg fylgjer tettast. (Andre saker er for det meste små øyar, Gibraltar og den slags.) Rykta her på huset seier at partane står nærare kvarande i år enn i fjor, men at det likevel er skjer i sjøen. Denne våren kom Tryggleiksrådet med ei fråsegn som gjekk meir i retning av å stø saharawiane enn tidlegare, noko som sjølvsagt har ført til at Marokko føler seg meir pressa enn før. Difor er kapittelet om menneskerettar (som verkeleg IKKJE er særleg radikalt) problematisk for dei. I dag fekk vi vite at det går mot vedtak i morgon, og at partane er i ferd med å bli samde. Noreg gjer altså lite anna i denne saka enn å fylgje forhandlingane og stemme for forhandlinsresultatet, men det finst andre fråsegner som handlar om økonomisk utnytting av område som er okkupert. Kva som skjer med dei norske selskapa som opererer i Vest-Sahara er vel fyrst og fremst eit innanrikspolitisk spørsmål, og sameleis med kven oljefondet investerer i. Vi kjenner ikkje til at desse selskapa har blitt eksplisitt nemnde i debatten her i New York.


Debatten om Vest-Sahara hadde til dels høg temperatur, og mange statar (til dømes dei i den afrikanske unionen, som stør Vest-Sahara) gjekk hardt ut mot Marokko. Eit anna perspektiv er menneskerettsstoda for flyktningane i Algerie, som i flygje fleire menneskerettsekspertar er under einkvar kritikk.