Kva har skjedd sidan sist? Vel, vi har sett Mona Lisa og nokre stadig tommare vinglas, i tillegg til å ha forhandla om sluttrapporten frå møtet som altså er det politiske resultatet. Frå vår valgruppe (SN-systemet er delt inn i seks valgrupper, der Noreg er i valgruppa for Europa og Nord-Amerika) var Canada representanten i resolusjonskomiteen. Deira utkast til resolusjon var i det store og heile godt, jamvel om vi sakna ei tydelegare prioritering av utviklingslanda og mindre fokus på kva som skal gjerast med ungdomsforumet sjølv – det blir litt innovervendt.
I dag starta vi vi med møte i dei ulike valgruppene, som kvar kunne prioritere tre(!) endringsframlegg til rapportutkastet. I den regionale debatten fekk vi gjennomslag for at dette avsnittet skulle inn som ein del av den endelege rapporten:
Call for member states to take action that:
Affirm that education at all levels is a public responsibility and public good. To reach the EFA objectives; public responsibility and investment is an absolute necessity in all countries; the Youth Forum strongly demand that Donor Countries must follow up commitments of development aid to education at a level which ensure the achievement of EFA within 2015.
Dette gjekk òg gjennom i plenumsdebatten og er altså ein del av tosidersrapporten til Generalkonferansen i UNESCO. Hurra! I tillegg finn vi setningar i den endelege rapporten som er klypt ut av det norske framleggsarket. Dette er veldig bra, og all grunn til å vere stolt over. Den endelege rapporten finst framleis ikkje på nett, men vi ropar ut når det skjer.
No er vi over i ei avdeling der gamle menn pratar non-stop i eit par timar, noko som gjev gode høve til blogging…
