Okei. Kva skjer eigentleg her borte?
Det spørsmålet er det nok mange som stiller seg. Og vi gjev sjølvsagt svar – vi er jo serviceminded som berre dét.
Det viktigaste arbeidet er å få resolusjonen på ungdomspolitikken til SN til å bli så bra som mogleg. Vi har levert inn ei rekkje tilleggsframlegg, og er glade for at komitéleiaren frå Senegal ser ut til å dele vår meining om at kjønnsperspektivet må betre fram. I tillegg har vi miljø- og rettferdssaker høgt på agendaen.
Elles er det spanande å fylgje forhandlingane i dei ulike komiteane. I går og i dag har vi høyrt på tre av dei seksten kolonisakene som blir handsama i SN – Gibraltar, Guam og ikkje minst Vest-Sahara. I Gibraltar-spørsmålet var det to korte innlegg, Guam slo til med song og flagg, medan Vest-Sahara interesserer fleire: Meir enn femti innlegg (over fleire dagar) og stillstand i forhandlingane mellom Algerie og Marokko om resolusjonsteksten vitnar om ei sak som bør få langt meir merksemd heime.
I sjangeren «rare opplevingar» kjem møtet med Ban Ki-Moon høgt på lista. Vi venta (i oppstilt gruppebilete-posisjon) i ein time før han dukka opp, smilte, sa eitt eller anna (som var fint, men litt tomt) og var borte att. Ingen nordmenn med respekt for seg sjølve likar jo Ban Ki-Moon, så Julie og eg tykte det var rart å sjå dei ungdomsdelegatane som heilt tydeleg gjennomgjekk den største augneblinken hittil i liva sine.
Vi deltek på morgonmøta til SN-delegasjonen, og i dag gjekk ambassadøren gjennom korleis SN-politikken i Soria Mora 2 ser ut. Interessant å høyre utanrikspolitikken til Noreg gjenfortalt av dei som faktisk skal gjennomføre han.
No: Mat, soving, forhandlingar, miljøinnspel, kvinnepolitikk, ungdom og arbeid og ikkje minst HELG! etter veldig lange (og vanvittig artige) dagar. Hurra!
