
Magnus Malnes, ungdomsdelegat til UNESCO
Medan eg skriv dette, held Magnus talen sin som kandidat til Drafting Comittee på ungdomsforumet til UNESCO her i Paris.
Ungdom frå 99 land og 50 organisasjonar er samla for å frieste bli samde om kva som skal vere våre oppmodingar til generalkonferansen i UNESCO. Sist gong var forumet temmeleg katastrofe, men denne gongen ser det ut til at ting er meir på stell.
Dagane kjem til å bli travle, med forummøte, mingling, lobbyisme og kanskje ein liten kikk på Paris. Dessutan blir ein sliten av å måtte vere blid med så mange menneske på same tid!
