LNUs uformelle informasjonskanal

På tide å rydde opp!

innleggbdoktoberDette lesarinnlegget stod på trykk i Klassekampen 22.10.09.

Når Audun Lysbakken no tar over som Barne- og likestillingsminister har han ingen heilskapleg barne- og ungdomspolitikk å støtte seg på. Det er mange tiltak retta mot barn og unge i Noreg i ulike sektorar, men ein manglar overordna mål og visjonar for ungdomspolitikken. I dag sit ulike departement med ulike verkemiddel og pengesekkar, utan at ein er samd om kva ein vil oppnå.  Og når departementa ikkje snakkar saman fører det også til meir byråkrati for barne- og ungdomsorganisasjonane. Difor må Lysbakken rydde opp om han vil vere ministeren for barn og unge.

LNU meiner vi treng ei offentleg utgreiing av ungdoms levekår og makt. Ei slik ungdomsmelding kunne lagt grunnlaget for å betre ungdoms levevilkår og skape ein demokratibygjande politikk. Vidare trengs både lokale og nasjonale handlingsplanar for ungdomspolitikk. Ved å utvikle slike planar vil ein kunne sjå barn og unges kvardag under eit, frå skulekvardagen til fritid og på heimebane, og sikre at ungdom blir høyrt på alle arenaer som er viktige for dei. Slike handlingsplanar bør lovfestast.

Samstundes må barn og unges fritid sikrast gjennom gode rammevilkår for barne- og ungdomsorganisasjonane. Hovudprinsippa og dei overordna reglane for grunnstøtta til organisasjonane bør slås fast ein gong for alle i Stortinget gjennom ei eiga lov om støtte til nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar. Å lovfeste dette regelverket vil sikre stabilitet for organisasjonane, noko dei er heilt avhengige av for å halde fram med alt det gode arbeidet dei driv i dag.

Det er på tide å rydde opp og lage ein heilskapleg ungdomspolitikk. Lysbakken får stafettpinnen frå Anniken Huitfeldt som har blitt ny Kulturminister. Begge departementa påverkar også i stor grad rammevilkåra til norske barne- og ungdomsorganisasjonar, og difor må ein snakke saman. Får dei også med seg Finansminister Sigbjørn Johnsen, skulle at ligge til rette for ei skikkeleg opprydning i ungdomspolitikken. LNU ynskjer Audun Lysbakken lykke til med jobben!

Bjarne Dæhli, leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar