I går fekk vi framlagt andreutkastet til ungdomsresolusjonen, og kunne nøgd konstatere at fleire av våre innspel var tekne med. Det kjennest ganske rart å vere forfattar av nokre liner som er i ferd med å bli SN-politikk… Det einaste viktige unnataket var mangelen på eit kjønnsperspektiv i avsnittet om HIV g AIDS, men etter å ha slått oss saman med Israel ser det ut til at vi greier å fikse det. Trylleordet her borte ser ut til å vere «agreed language», altså tekst som SN tidlegare har vedteke. Og takka vere samarbeid med jentespeidarane fan vi ein tryggleiksrådresolusjon på jenter og HIV/AIDS, slik at vi vurderer sjansane som gode for å få inn ei line derfrå. Spanande!
Dagane her borte går i hundre, og det er heilt uforståeleg at det har gått ei veke allereie. Vi startar som regel dagen med eit møte på den norske delegasjonen (i går var det eit ekstramøte i samband med at Obama har vunne Eurovision eller kva det var) før vi går ned på SN-bygningen og deltek på såkalla «informals». Dei er ikkje veldig uformelle – alle land er invitert gjennom den offisielle avisa til SN, men det er her vi får vere Noreg og ungdomsresolusjonen tek form. I lunsjpausen er det andre informals, eventuelt jobbing av anna slag (og kanskje litt lønsj om vi har flaks).Så er det ettermiddagssesjonen, der det er spanande å høyre på debattane i dei ulike komiteane, i tillegg til litt klassisk lobby- og fraksjonsarbeid for å fremje våre standpunkt på ungdomsresolusjonen. Fleire av kveldane har vi hatt møte med dei andre ungdomsdelegatane, eventuelt meir jobbing (eventuelt ein øl med andre ungdomsdelegatar på takterrassen). Så det er jammen godt at det er helg – dette er som å vere på eit landsmøte som aldri tek slutt.
- Vi er «advisers» for den norske delegasjonen. Ikkje verst!

