
I dag, 1.desember, er dagen då LNU og organisasjoner og menneske verda over setter fokus på kampen mot hiv og aids. Verdas aidsdag (World Aids Day) er ein verdsomspennande solidaritetsdag for verdas hiv positive og aidssjuke og familiene og venene deira. Den blei starta av UNAIDS , FNs organ for kampen mot hiv og aids, i 1988.
Hiv og aids rammar barn og unge hardt:
- To millionar barn er hiv-positive
- Kvar dag dør 1000 barn av aids
- 900 barn blir født med hiv kvar dag i fattige land
- 15 millionar barn har mista foreldra sine på grunn av aids
LNUs arbeidsgruppe på Nord/Sør-spørsmål har difor jobba med å utvikle ei kampanje om hiv og aids i haust. Denne vil bli lansert i mai 2010. Les meir om denne kampanja på www.lnu.no .
Vil du støtte opp om kampen mot hiv og aids og vise solidaritet med dei som er ramma av sjukdommen, kan du gjere det allereie i dag. Aidsdagen vil bli markert på mange ulike stader rundt om i Noreg. Gå inn på www.verdensaidsdag.no for å finne ut kva som skjer!
