Fredagstips: Changemakers Fredsuke

Neste uke har LNUs medlemsorganisasjon Changemaker fredsarrangementer over hele landet. I løpet av Changemaker Fredsuke kan du få med deg konserter, debatter, seminarer og utstillinger.

I Oslo byr Changemaker blant annet på konserter med Bretton Woods, Jens Carelius, Hanne Kolstø, Your headlights are on og Philco Fiction.

Du kan finne ut mer om programmet ved å bli fan av Changemakers fredsuke på Facebook. Og mens du er i gang: bli fan av LNU også!

Noreg på skulebenken

I dag blir Noreg og statsråd Audun Lysbakken eksaminert av FNs Barnekomitè i Genève. Då må statsråden svare på korleis Noreg oppfyller rettane barn har i Barnekonvensjonen.

Leiar i LNU, Bjarne Dæhli, gjesta i dag tidleg P2s Nyhetsmorgen og fortalte om LNU sine forventningar til eksaminasjonen. Barn og unge må bli høyrt og få meir makt lokalt, var hovudbodskapen hans.

Høyr innslaget her:

Bjarne om Noreg og Barnekovensjonen (innslag med Lysbakken fyrst)

Bjarne om Noreg og Barnekovensjonen (berre Bjarne i studio)

Vil du være ungdomsdelegat til World Urban Forum i Rio i mars?

UN Habitat, FN sitt busettingsprogram, arrangerar i mars World Urban Forum (WUF). Under teamet «Cities for all – bridging the urban divide» går forumet av stabelen i Rio de Janeiro i Brasil i 19.- 26 mars 2010. Du kan delta som norsk ungdomsdelegat.

Kva gjer UN Habitat og World Urban Forum?
Verdsbefolkninga har aldri vore så ung som i dag, og innan 2030 kjem 60% av befolkninga til å bestå av barn og unge, med ein storpart som bor i by. Dette er ein tematikk som FN arbeidar med til dagleg og no har du sjansen til å bidra ved å verte LNU sin ungdomsdelegat til World Urban Forum.

Forumet er UN Habitat sin globale fagkonferanse på spørsmål rundt busettings- og byutvikling, og konferansen samlar NGOar, fagfolk og nasjonale og internasjonale myndighetar frå heile verda. UN Habitat arbeidar med tematikk som omfattar rask urbanisering og kva effekt dette har på samfunn, økonomi, klimaendring og politikk.

Dette er ikkje eit forum med politiske avgjersler og resolusjonar i kjent FN-stil, men ei plattform for formell og uformell debatt på relevante tema.

Les mer om konferansen og søknadsprosessen på LNU.no

Frivillig arbeid og store pengesekkar

Dette innlegget står på trykk i Klassekampen og DagenMagazinet i dag:

verdiskaping

Frivillig verdiskaping – for kven?

Regjeringa bremsar den frivillige innsatsen i barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom ei byråkratisering av ordningane som skal støtte opp om dei. Det står ikkje i stil til all verdiskapinga organisasjonane står for.

Måndag la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram det aller fyrste fellesrekneskapet for ideelle og frivillige organisasjonar. Tale syner det alle som jobbar frivillig allereie veit – at frivillig innsats skaper store verdiar. Tala frå SSB syner at verdiskapinga i ideelle og frivillige organisasjonar  var på 35 milliardar kroner i 2007. Desse verdiane er i stor grad skapt av frivillige,  i følgje SBB utgjorde den ubetalte arbeidsinnsatsen heile 113.000 årsverk. I tilegg syner tala at kategorien kultur og fritid, der dei fleste barne- og ungdomsorganisasjonane hører heime, er den med mest frivillig innsats. Der står det omlag sju frivillige årsverk bak kvar tilsett, mot 1,6 frivillige årsverk om ein ser alle organisasjonar under eit.

SSB har per i dag ikkje tal på kor stor del av denne verdiskapinga barne- og ungdomsorganisasjonane står for, men det er ingen tvil om at barn og unge legg ned mykje frivillig arbeid i kor, speidaren, politiske ungdomsparti eller andre typar organisasjonar. Då rimar det dårleg at Kulturminister Anniken Huitfeldt gjer det frivillige arbeidet vanskelegare. Både den nye ordninga for momskompensasjon og det nye frivilligskapsregisteret er laga unødvendig byråkratisk. Mange barne- og ungdomsorganisasjonar har mange lokallag som er drive av ungdom, og for desse kan alle skjemaa bli eit hinder for frivillig arbeid. Byråkratiet er tyngre å drive for frivillige lag enn for lag i organisasjonar som blir drive meir profesjonelt.

Barn og unges frivillige innsats må gjerne setjast ein prislapp på for å syne kor viktig det er, men det er ikkje rett at unges frivillige arbeid skal betale for statens byråkrati.

Bjarne Dæhli, leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar

Gratis søndagsturtips på mobilen hver fredag

stipsLNUs medlemsorganisasjon KFUK-KFUM Speiderne lanserer i dag Søndagstipset, som er en gratis SMS-tjeneste som gir deg kreative, enkle, rimelige og morsomme tips til hva du kan gjøre for å komme deg opp av sofaen og ut på tur en søndag.

Tipsene blir sendt ut  hver fredag klokken to, slik at du har god tid til å planlegge søndagsturen.

For å melde deg på tjenesten sender du bare en SMS med kodeordet TUR til nummer 2077

Les mer om den spreke tjenesten på KFUK-KFUM Speidernes hjemmeside

Tjensten varer ut 2010

…og på samme måte som du kan bli venn med LNU på Facebook kan du også bli venn med Søndagstipset.