- Kultur og frivillig arbeid er viktig for livskvaliteten i eit samfunn, slår ein ny rapport frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor fast.
Rapporten «Livskvalitet» har samla forskning om samanhengen mellom kultur og frivillig arbeid og livskvalitet, helse og trivsel.
Om enkeltpersonar blir meir lykkeleg av å drive frivillig arbeid, seier forskninga lite om. Men det veit kanskje lesarane av LNUBlogg sjølv? Legg gjerne igjen ein kommentar ved å trykke på Kommenter! Blir du meir lykkeleg av å drive med frivillig arbeid?
Les meir om rapporten på Frivillighet Norges heimesider. Du kan også laste ned rapporten og lese meir om den på heimesidene til Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor.
