«In the community there was this young boy who had AIDS,» Carina recalls. «He died three years ago. This was a kid who went around in the gang, and they used to share needles, and through that he contracted HIV. When he told the rest of his friends, his friends left him. That is what hurt him the most.»
Carina Lopez er frå Guatemala og reiser rundt med ei teatergruppe som informerar barn og unge om aids. I Guatemala lever truleg 67,000 born og vaksne med hiv, og meir enn 30,000 born har blitt foreldrelause på grunn av sjukdommen.
Historia til guten Carina fortel om er ikkje unik, og når barn blir ramma av hiv fører det til brot på barns rettar. Kva slags rettar i Barnekonvensjonen blei brotne i denne guten sitt tilfelle?
- Artikkel 2: Retten til ikkje å bli diskriminert (når vener snur ryggen til deg fordi du er hivpositiv, er det ein type diskriminering).
- Artikkel 6: Retten til å overleve og få utvikle seg til ein sunn og tilfreds person.
Eller kanskje desse rettane?
- Artikkel 24: Retten til å ha tilgong til helsetenestar.
- Artikkel 28: Retten til utdanning (som burde inkludre informajson om hiv og aids i skulen).
- Artikkel 13: Retten til å få og dele informasjon (inkludert informasjon om hiv og aids).
- Article 16: Retten til privatliv (helse- og sosialarbeidarar bør ikkje fortele nokon at du er hivpositiv eller noko anna du fortel dei om livet eller helsa di).
Les meir om Carina og hivpositive born sine rettar på UNICEF sine heimesider.
Skriv under på LNUs kampanje HIV = ingen forbrytelse om du vil gjere noko for hivpositives rettar.
