LNUs uformelle informasjonskanal

Slepp organisasjonane til i skulen!

I går kom undersøkinga som viser at norske elevar er på verdstoppen i demokrati og engasjement.

Norske elevar deltek meir i skulen enn det internasjonale snittet, men når det gjeld deltaking utanfor skulen ligg vi under det internasjonale gjennomsnittet.  LNU meiner at barne- og ungdomsorganisasjonane må få sleppe til i skulen, slik at ungdom kan lære om kor dei kan engasjere seg utanfor klasserommet.

- Skulane må tørre å la politiske parti snakke i timane og ikkje vere så redde for at elevane skal diskutere politikk, seier nestleiar i LNU Martin V. Østerdal til P3Nyheter.  Høyr innslaget med Martin på P3 her.