LNUs uformelle informasjonskanal

Anette om AIDS2010 i Østlandssendingen

I dag reiser to av LNU sine ungdomsdelegatar til Wien for å vere med på ungdomskonferansen før AIDS2010 startar på søndag. Dei neste dagane samlast ungdommar frå heile verda i Wien for å diskutere og dele erfaringar om korleis ein kan jobbe med hiv/aids.

Før ho reiste, var Anette Remme frå SAIH gjest i morgonsendinga til NRK Østlandssendingen for å snakke om hiv og konferansen. Høyr heile intervjuet her

Både Anette og dei fire andre deltakarane frå LNU vil blogge frå AIDS2010 her på LNUBlogg. Følg oss også på facebooksida til HIV = ingen forbrytelse og på Twitter (#aids2010).