Talet på ungdom som blir smitta av HIV går ned i landa som er hardast råka av viruset. Det syner nye tal frå FN, som kom same dag som ungdomskonferansen til AIDS2010 starta i Wien.
UNAIDS slår fast at hiv-raten blant ungdom mellom 15-24 år har gått ned med 25% fordi ungdommar har endra seksualvanene sine. I følgje rapporten er informasjonskampanjer ein av grunnane til dette. 5 millionar unge lever med HIV i dag, og ungdom utgjer 40% av dei som blir smitta kvart år.

Neste veke samlast 20.000 deltakarar på den internasjonale aidskonferansen AIDS2010, men LNUs ungdomsdelegatar Anette og Ingrid er allereie på plass i Wien på forkonferansen for ungdom. Følg med på LNUBlogg for oppdateringar frå dei!
