LNUs uformelle informasjonskanal

Arkiv for januar, 2011

Felles hugs, felles framtid

På eit gatehjørne i Sarajevo står det tagga på svensk: ”Glöm aldrig! Srebrenica”. Dei to siste dagane har vi sitte inne på eit møterom, norske ungdommar frå ungdomsparti og –organisasjonar og bosniske ungdommar som kjem frå liknande rørsler. Vi har prøvd å skjøne meir av situasjonen i Bosnia-Hercegovina, før og nå, og vi har prøvd [...]

Ikkje vent på ein helt

Kven skal ein sette lit til om ein vil endre samfunnet? Gamle heltar eller seg sjølv? Det er spørsmålet bandet Dubioza kolektiv stiller fansa sine. I dag møtte to av bandmedlemmene norske ungdomsorganisasjonar på studietur i Sarajevo. Dubioza kolektiv lagar musikk med politiske tekstar om fred og toleranse, men også med sterk kritikk av urett [...]

Mykje å lære

Overalt står det kvite kors og gravstøtter. Dei er klemt inn mellom husa i byen, plassert i ein hage. Vi ser dei frå bussen når vi køyrer frå flyplassen i Sarajevo, 24 ungdommar frå Noreg på studietur med LNU. Så ser vi kulehola. Det er ikkje berre måling som har flassa av murveggane på husa, [...]