Kven skal ein sette lit til om ein vil endre samfunnet? Gamle heltar eller seg sjølv? Det er spørsmålet bandet Dubioza kolektiv stiller fansa sine. I dag møtte to av bandmedlemmene norske ungdomsorganisasjonar på studietur i Sarajevo.
Dubioza kolektiv lagar musikk med politiske tekstar om fred og toleranse, men også med sterk kritikk av urett som har skjedd og skjer i Bosnia-Hercegovina. Ein av songane dei har blitt mest kjent for er «Walter», som blei slept i samband med valet i fjor haust.
Videoen handlar om Walter, ein kjent figur i Bosnia-Hercegovina. Forskjellen er berre at Dubioza kolektiv har gjort han til ein antihelt som må leite etter mat i søppelkasser. Samstundes ser ein folk i ein limousin som festar. Dei skal symbolisere dei som sit med makta i Bosnia-Hercegovina, i følgje Brano Jakubović og Vedran Mujagić .
Responsen videoen fekk viste at dei hadde treft ei nerve. Bandet hadde fire konsertar i ulike byar i samband med valet, og konserten i Tuzla hadde mange tusen besøkande – fleire enn noko anna valarrangement i byen.
Bodskapen vår er at du ikkje må vente på ein helt som skal redde deg, gjer heller noko med problema sjølv. Du kan til dømes gå og stemme, som ein start.
Høyr bandmedlemene Brano Jakubović og Vedran Mujagić bli intervjua om kvifor det er viktig å engasjere seg i politikk og stemme ved val:

Pingback: Tweets that mention Ikkje vent på ein helt | LNU BLOGG -- Topsy.com