LNUs uformelle informasjonskanal

Kampanjebesøk på Austevoll

Tysdag denne veka var eg med vår kampanjekoordinator, Flemming,  på besøk i ein av dei 20 forsøkskommunane for 16-årig stemmerett. Vi besøkte Austevoll kommune, som er den einaste forsøkskommunen i Hordaland.

Det var ikkje berre oss som var der den kvelden, Barneombudet var der og.

Ein representant frå Ungdommens kommunestyre ynskja alle velkommen til møtet,  han måtte dog overtalast av kompisane før han gjorde det – men det var kjekt å sjå at dei tok ansvar og stilte opp.

Ungdommane på møtet

Ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad (FRP) var i si tid Norges yngste ordførar då han som 23 åring var vald som ordførar i 2003. Han opna med å fortelle litt om kvifor dei unge var tilstades på møtet denne kvelden, fortalde om historien til kommunen (som nyleg feira 125 års jubileum) og  sa litt om kven som skulle ha ordet etter han. Det å skulle uttrykke heile det vanskelege namnet til LNU var litt tungvint – så han kalla oss organisasjonen med det lange vanskelege namnet og meinte vi burde finne eit kortare namn om vi skulle være kule…

Barneombudet fortalte om kvifor det er viktig at ungdomane nytta seg av stemmeretten dei har fått, og la vekt på at dei er med på noko historisk. Det var ikkje veldig vanskelig å forstå at det var eit stk veldig engasjert Barneombud som var på besøk :-)

Flemming starta med å aktivisere dei ca. 45 ungdommane som hadde møtt opp ved å stille dei spørsmål dei skulle ta stilling til, og plassere seg på eine eller andre sida av salen etter som dei var for eller mot. Denne leiken fekk Barneombodet til og å verte engasjert og nysgjerrig, så han fekk stille nokre av spørsmåla – blandt anna om dei meinte Austevoll skulle bli slått saman med andre kommunar eller fortsatt stå på eigne bein.

Ingen ville legge ned Austevoll som kommune

Ingen av ungdomane var for å slå Austevoll saman med andre kommunar, noko eg trur gleda ordføraren.

Nysgjerrigheten blandt ungdomane steig endå litt meir når kampanjens eigen frifond stem vart nemd, og ikkje minst når annonseringa av «sommarjobben» som demokratiagent kom. Det var 9 jenter som meldte seg som interreserte til å verte demokratiagentar, og vi trur det vil komme søknadar til frifond stem derfra og.

No gler eg meg til at kampanjen skal lansere i morgon på BUT og vi skal få aktivisert medlemsorganisasjonane, endelig skal vi komme i gong. Stem1209 blir den beste kampanjen under valgkampen – og alle forsøkskommunane kjem til å kjempe om å være kommunen med det beste oppmøtet.

 

Det var litt presse rundt Austevoll som forsøkskommune i media på tysdag, mellom anna var Vestlandsrevyen direkte inne frå møtet. Oppslaga finn du hjå Vestlandsrevyen, NRK Hordaland nyheter, NRK Hordaland nyheter.