Kjempar mot tungt byråkrati på UNESCO Youth Forum

Denne veka vert UNESCO sitt ungdomsforum arrangert for 7. år på rad. Hundrevis av engasjerte ungdommar frå heile verda samlar seg i Paris for å forfatte eit dokument med forslag til UNESCO sin generalkonferanse som går av stabelen 25. oktober. Eg reiser frå Noreg og LNU som delegat saman med Jens Kihl, medlem i den norske UNESCO-kommisjonen.

Diverre opplever vi at sjølv om det er eit ungdomsforum, er det vanskeleg for delegatane å få komme til orde. Heldigvis er delegatane smarte ungdommar som veit kva dei vil. På biletet under ser de det improviserte møtet for dei europeiske og nordamerikanske landa, som vi arrangerte på eit kaldt marmorgolv etter det ordinære programmet for å få dei viktigaste sakene våre med i sluttdokumentet som skal sendast vidare frå ungdomsforumet til generalkonferansen.

Demokrati i praksis!

For Noreg er spørsmål om utdanning og elevdemokrati sentrale, og sjølv om det ikkje var sett av tid på konferansen til at vi fekk diskutere desse spørsmåla så grundig som vi ville, betyr ikkje det at vi ikkje gjer alt vi kan for å få våre syn med vidare til generalkonferansen.

I morgon skal vi lande på eit sluttdokument – følg med på bloggen for å sjå kva saker vi klarer å få igjennom! Og følg oss på twitter på #unescoyouth for å få ei liveoppdatering av kva som skjer.

Vi står på krava!

LNUs delegat til UNESCO på NRK Sogn og Fjordane

Janne Nygård, leder i Norsk Målungdom, er LNUs utvalgte delegat til å representere norsk ungdom i UNESCOs generalforsamling. Denne uken er hun på den forberedende ungdomskonferansen i Paris, og 1. – 4. november skal hun på generalforsamlingen i samme by. Janne kommer fra Jølster i Sogn og Fjordane, og mandag 17. oktober ble hun intervjuet av NRK Sogn og Fjordane. Hør intervjuet med Janne her:

http://blogg.lnu.no/audio/JanneNygaard_UNESCO_NRK_SF.mp3

Expertgruppemøte vote@16

image
Expertgruppa i møte

I helga er LNU vertskap for det andre expertgruppemøtet på 16-årig stemmerett i det europeiske ungdomsrådet (YFJ). På agendaen står diskusjonar om ein pan-europeisk kampanje som er tenkt for 2012 og korleis den kan brukes for å få fleire land til å gå inn for senking av stemmerettsalderen.

 

Her er experter frå Østerrike, Irland og Danmark utenom Norge, og under presentasjonen tok både Østerrike og Danmark opp LNU sin kampanje Stem1209 før eg fekk presentert våre resultat sjølv 🙂 Reaksjonene på resultatene frå valget var veldig positive og til tross for at vi er ein liten gjeng på møtet vart det mange spørsmål.

 

I pauser er LNU sitt fotball bord veldig populært, og engasjementet høgt.

image
Høg konsentrasjon rundt pausene