LNU med på arbeid for ungdomssatsing i FN

Hanne Marte Furset, internasjonal rådgiver i LNU, holder innlegg på Youth21-konferansen i Nairobi.

Internasjonal rådgiver i LNU, Hanne Marte Furset, har sendt dette blogginnlegget hjem fra Youth21-konferansen i Nairobi, Kenya:

Satsing på ungdom er i vinden og UN Habitat og UNDP inviterte  denne helga ungdomsorganisasjonar, medlemsstatar og FN-organ for å ta steget vidare frå deltaking til det vi håpar skal bli meiningsfull deltaking.

Youth 21 intiativet har blitt bedt om å kome med innspel og råd  til FNs generalsekretær Ban Ki Moons og hans satsing på mellom anna ungdom  dei neste fem åra. Generalsekretæren har bestemt at han vil oppnemne ein spesialrådgiver på ungdom, og etterkvart også eit Permanent Forum på Ungdom i FN.

LNU var i helga med på Youth21-konferansen i Nairobi, Kenya, for å dele av våre erfaringar og bli med arbeidet på eit felles statement frå møtet her i Nairobi. Konferansa har arbeidd med anbefalingar på kva mandat ein spesielrådgiver på ungdom bør og kan ha, og ikkje minst korleis vi kan arbeide for å få til eit funksjonelt og representativt Permanent Forum på Ungdom i FN.

Det var både eit intenst og interssant møte med eit resultat som no ser ut til å verkeleg få ringverknadar for ungdom si deltaking i FN.

Meir om både statement og arbeid vidare snart!