Demokrati og struktur

Er organisasjonen din demokratisk? Eller er det ting ved strukturen som skaper utfordringar? På det andre møtet i arbeidsgruppa for organisasjonsutvikling var det demokrati og struktur som var tema.

Møtet starta med ei innleiing frå LNU-leiar Gunhild Grande Stærk. I LNU blir demokrati definert som oppljost forståing, det vil seie at ein kan setje dagsorden og kan delta aktivt. Innanfor LNU er det mange organisasjonsindividuelle forskjellar. Nokre fokuserer på at ein skal oppnå konsensus, medan andre har det som mål at ein skal vinne fram, fordi fleirtalet bestemmer.

Gunhild peika vidare på at det er tre ting som påverkar handlingsrommet til demokratiet i ein organisasjon: Inngangskrav, formalia og prosessar. – Ved å setje kriterium for kven som kan vere medlem og kven som kan kome på årsmøte, blir premiss lagt. Spørsmål for ein organisasjon er kva som er viktig for å vere medlem og delegat hos oss, forklarer Gunhild.

Ser til naboland
Ein organisasjon skulle snart ha landsmøte, der det var føreslått å gjere større endringar i den demokratiske strukturen: – Styret har føreslått å endre det slik at det blir lokalrepresentasjon på landsmøtet, det vil seie at alle lokallaga vil sende utsendingar i staden for kretsane slik det er i dag, fortalte representanten. Mange har påpeika at det er ei stor endring, men styret meiner det vil styrke demokratiet i organisasjonen og peikar på at det er tilsvarande ordning i Sverige og Danmark.

Ein annan organisasjon kunne fortelje at dei også vurderte endringar i strukturen: – Som ein liten organisasjon, er dei lokale plana våre regionale, ingen organ dekkjer mindre enn to fylke. Alle kan kome på årsmøta i regionane og fleire regionar slit med å fylle delegatkvota si. Vi har hatt eit utval som har sett på strukturen, som mellom anna føreslår å fjerne delegatordninga og at ein heller har eit medlemsmøte enn eit landsmøte. Dette er også i tråd med korleis systerorganisasjonane er organisert i nabolanda.

– Ikkje alle tek det i bruk
– Formalia i organisasjonar handlar om kor mange personar som er i det enkelte lag, kor ofte er det årsmøte, kven er i styret og så vidare, sa Gunhild i innleiinga. Poenget er at det dreier seg om å ha forankring. Prosessar har med kva som regulerer demokratiet til organisasjonen: Kan organisasjonen bestemme kva som helst? Kva er fristane for nominasjonar og vedtektsendringsforslag? Er det ein vaksenorganisasjon som må godkjenne vedtaka? Kva saker treng 3/4 fleirtal?

Demokratisk kultur var det siste punktet Gunhild var innom: – Sjølv om det er struktur for demokrati, er det ikkje sikkert at alle tek det i bruk. Kultur for demokrati er eit viktig spørsmål. Struktur seier noko om mogelegheiter, det sender også nokre signal om kor mykje vi ønskjer at ein skal delta, kva innspel den enkelte kan kome med. Ein ting som går igjen er at det er ein dissonans mellom struktur og kultur.

Demokrati i praksis
Ein organisasjon peika på at dei opplevde å ha veldig små landsmøte, sjølv om organisasjonen har mange medlemer. – Det verkar som mange har nok med seg sjølv, til trass for at alt ligg til rette for demokratiet er det problem med å få folk til å bruke det, sa representanten.

Andre påpeika på at dei har ein god struktur, men utskiftingane i landsstyret er veldig store: – For å motverke dette, har vi innført regionale representantar (det vil seie ein representant frå kvar av dei fem regionane). Dette er gjerne litt eldre folk som ikkje er aktive i fylkeslaga lengre, men som kan støtte sentralstyret i ein slags faddarrolle og følgje opp det politiske arbeidet til landsstyret.

I arbeidsgruppa sit tretten representantar frå bredda av LNUs medlemsorganisasjonar. Arbeidsgruppea er eit ledd i LNUs innsatsområde «Gamle organisasjonar – nytt engasjement» og skal utveksle erfaringar og samle kompetanse som skal kome resten av medlemsorganisasjonane i LNU til gode.