Å våge å prioritere

Kjemper om prioriteringer. LNU-leder Stian Seland bryter håndbak med lederen i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg.
Kjemper om prioriteringer. LNU-leder Stian Seland bryter håndbak med lederen i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg.
Kjemper om prioriteringer. LNU-leder Stian Seland bryter håndbak med lederen i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg.

 

[FA_Lite id=»2186″] [FA_Lite id=»2186″] Svein Harberg skriv at Høgre og regjeringa våger å prioritere, og at dei rettar pengestraumen mot barne- og unge i frivilligheitspolitikken. Vi skulle ønske at det faktisk stemte.

I kronikken “En takk til frivilligheten” skriv leiaren i familie- og kulturkomiteen på Stortinget at regjeringa sender eit signal om at “normalt fungerende voksne mennesker i større grad må̊ betale for sine aktiviteter selv”.

Politiske avgjerder handlar i stor grad om å prioritere mellom ulike føremål, og det har ikkje Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) noko problem med å akseptere. Vi meiner prioriteringane til Harberg er gode prioriteringar. Men det vi ikkje kan akseptere er framstillinga om at det er barne- og ungdomsfrivilligheita regjeringa har satsa på i dette statsbudsjettet, for det er ikkje tilfellet. La oss ta ein titt på kva prioriteringar regjeringa har gjort:

Meir til vaksenorganisasjonane

Harberg skriv at regjeringa stimulerer til auka betre og breiare finansiering av frivilligheita. Kva han meiner gåveforsterkingsordninga for museum har med frivillig sektor å gjere er uklart, men det som har skjedd er beløpsgrensene for skattefrådrag ved gåve til frivillige organisasjonar har blitt auka. Dette burde jo barne- og ungdomsorganisasjonane glede seg over?

Diverre veit vi at skattefrådrag ikkje er ein treffsikker måte å styrke organisasjonane til barn og unge. Utrekningar LNU har gjort viser at av alle dei rapporterte gåvene til frivillige organisasjonar i 2013 (totalt 2 764 721 139 kr. ) gjekk under 1 % til barne- og ungdomsorganisasjonar. Barn og unge gir ikkje av lommeboka si, dei gir av tida si.

Meir til idretten og skjulte kutt til barn og unge

På spørsmål frå opposisjonen om kva regjeringa har gjort for frivillig sektor, har fleire statsrådar trekt fram korleis finansieringa av idretten gjennom overskotet til Norsk tipping har blitt styrka. Det er mange barn og unge som driv med idrett, men det er grunn til å stille spørsmål til framstillinga til Harberg og regjeringa.

Aukinga som idretten har fått blei bestemt under den førre regjeringa, og denne regjeringa gjer ikkje noko anna enn å fullføre ein opptrappingsplan. Det skriv dei sjølv i budsjettproposisjonen. Aukinga til idretten er med andre ord ikkje noko denne regjeringa har funne på, men det er derimot det skjulte kuttet til barn og unge.

Samstundes som idretten får meir av overskotet til Norsk tipping, så blir delen som går til kultur også auka. Det er her støtteordninga Frifond får pengar frå, som går til å støtte lokal barne- og ungdomsaktivitet i og utanfor barne- og ungdomsorganisasjonane. Framfor å la veksten til kultur kome lokal barne- og ungdomsaktivitet til gode, flyttar regjeringa ein rekke tiltak ut frå statsbudsjettet og inn som mottakar av tippemiddel.

I Noreg er det lange tradisjonar for at frivillige organisasjonar er mottakarar av speloverskot, og regjeringa tek eit stort skritt vekk frå denne tradisjonen gjennom å leggje til mellom anna prosjekt- og utviklingstiltak på museums- og arkivfeltet som spelmottakarar. Som LNU har tidlegare har gjort klart er det viktig å vere ansvarlege mottakarar, og vi vonar Noregs arkivarmiljø er like ansvarlege mottakarar som det barne- og ungdomsorganisasjonane er og har vore. (Lenke: http://www.nrk.no/ytring/gambler-med-var-samvittighet-1.11466304).  

Ingen satsing på treffsikre ordningar

Regjeringa skal ha takk for nokon ting: Rammene for momskompensasjonsordninga har blitt auka, og årsavgifta for Frivillighetsregisteret er fjerna. Det er LNU glade for, men vi meiner at ein her burde gjort meir:

For det første så er det slik at så lenge det ikkje er samsvar mellom dei faktiske momsutgiftene og pengane i potten til ordninga, vil frivillige organisasjonar framleis få ei avkorting endå det er eit uttalt mål å kompensere momsutgiftene fullt ut. For det andre så er årsavgifta for Frivillighetsregisteret der framleis, frivillige organisasjonar må altså framleis betale årsavgift for å stå i eit register som ikkje er ferdig og er i tråd med det Stortinget har bedt om.

Ambisjonane burde har vore større, men er desse tiltaka meint å styrke barn og unge er det også eit bomskot: Korkje momskompensasjon eller Frivillighetsregisteret er ordningar som når barne- og ungdomsorganisasjonane noko spesielt.

Det regjeringa burde ha prioritert dersom dei ønska ei målretta satsing på barne- og unge, er grunnstøtta. Barne- og ungdomsorganisasjonane har i vore i jamn vekst dei ti siste åra. Det har blitt fleire medlemer, fleire lokallag, fleire aktivitetar og fleire organisasjonar, men basis finansieringa har ikkje hengt med. Sidan 2004 har snittildelinga per organisasjon gått ned, og denne regjeringa har ikkje føreslått å gi ordninga noko meir enn ei indeksregulering. Stadig fleire må stadig dele den same kaka, og LNU fryktar at dette vil setje denne veksten i barne- og ungdomsorganisasjonane i fare.

Sats på framtida

Vi veit at vi som er frivillige som unge, er frivillige livet ut. Ei satsing på barne- og ungdomsorganisasjonane er ei satsing på heile frivilligheita på sikt. Harberg skriv det beste for frivilligheita er å investere i eit langsiktig engasjement hos dei unge. Her er faktisk LNU og Harberg einige eit hundre prosent.

Problemet er berre at regjeringa ikkje har gjort dei prioriteringane i statsbudsjettet som vil realisere ei slik investering. Pengestraumen til barne- og ungdomsfrivilligheita er så langt berre å finne i Harbergs kronikk, og ikkje i statsbudsjettet. Dette vonar vi Harberg vil forsøkje å rette opp i budsjettforhandlingane.

Stian Seland, leder i LNU.

Forfatter: kristinm

Kristin er kommunikasjonsrådgiver i LNU